
For bedrifter
De kan bestille både frå kafemenyen og frå cateringmenyen.
Urt & Ugras lagar mat med fokus på gode råvarer, mykje smak og mat laga frå botnen av. Me er opptekne av berekraft, lokal identitet og å bruke lokale og norske råvarer så langt det let seg gjere. For oss handlar berekraft òg om å lage mat på ein god og fornuftig måte, redusere matsvinn og bruke råvarene best mogleg.
Me leverer både til små møte og større samlingar, og tilpassar gjerne bestillinga etter behov.

Me hjelper gjerne med å setje saman ei bestilling ut frå tal på personar, type arrangement og budsjett. Sei gjerne litt om kva de ser føre dykk, så kjem me med eit forslag til mengde og samansetjing.
Me tek atterhald om sesongvariasjonar og tilgang på enkelte råvarer. Ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål eller ønskjer eit tilpassa tilbod.
Ta kontakt for meir info
Fortel oss kva de treng, så set me opp eit forslag til bedrifta dykkar.